NRK Meny

Dømt til 5 års fengsel for valdtekt

Ein 24 år gamal mann er dømt til fengsel i 5 år og 9 månder for å ha valdteke ei 18 år gamal kvinne i april i fjor. I dommen går det fram at den prostituerte kvinna blei overfalt av mannen i hans leiligheit i Bergen, melder Bergens Tidende. 24-åringen valdtok, slo og beit den 18 år gamle kvinna og truga med gruppevaldtekt og drap før ho klarte å rømma. Mannen må også betala 150.000 kroner i erstatning til kvinna.

Siste video

Aune og Vebjørn Sand med lågterskel kunstutstilling i Bergen.
Programleder er Mariann Reikerås.