NRK Meny
Normal

Dømt til 15 års forvaring for drapet på Ameha

Ein 51 år gamal dansk statsborgar er dømt til 15 års forvaring etter det brutale knivdrapet på Yewhalashet Demeke Ameha (35).

Yewhalashet Demeke Ameha

KNIVDRAP: Drapet på 35 år gamle Yewhalashet Demeke Ameha blir skildra som «svært grovt» i dommen frå Bergen tingrett.

Foto: Privat

Drapet fann stad på eit hybelhus i Fyllingsdalen i desember 2014. Kvinna blei knivstukken 17 gongar før ho blødde i hel av skadane.

No er 51-åringen dømt til 15 års forvaring, med ei minstetid på 10 år, skriv BA.

Han må også betale 350.000 kroner i erstatning offeret si mor i Ethiopia.

Drapet blir skildra som «svært grovt»

Den danske statsborgaren, som opphavleg er frå Sri Lanka, vedgjekk tidleg i rettssaka at han hadde drepen henne. Rettssaka starta 15. februar.

Retten har lagt vekt på rapporten frå dei sakkunnige, som skriv at 51-åringen «har eit urealistisk sjølvbilde og ei manglande sjølvforståing som gjer at han ikkje unngår situasjonar der han opptrer grenseoverskridande, snarare tvert i mot»,

I dommen frå Bergen tingrett blir drapet skildra som «svært grovt». 51-åringen har frå tidlegare fleire dommar frå Danmark som omhandlar vald og seksuelle overgrep.

Drap Fyllingsdalen

Det var i dette hybelhuset i Fyllingsdalen drapet fann stad.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Hevdar han ikkje hugsar sjølve knivstikkinga

Desemberkvelden i 2014 hadde dei to ein krangel på kjøkenet i hybelhuset. Det var nesten blitt midnatt då politiet fekk den urovekkande meldinga frå Vestlundveien.

10 av dei 17 knivstikka var potensielt dødelege. 51-åringen seier han ikkje hugsar sjølve knivstikkinga, og at han kom til seg sjølv igjen først då kvinna låg i ein blodpøl på kjøkengolvet.

Ti minutt over midnatt blir Ameha erklært omkomen på staden.

51-åringen har under rettssaka også forklart at det hadde bygd seg opp ei konflikt over lenger tid mellom han sjølv og den avdøde kvinna. Han skal i lang tid forsøkt å unngå at dei møtte kvarandre i kollektivet.

Siste video

Vestlandsrevyen, 22.09.2017.
Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.