Hopp til innhold

Dømt på nytt for drap på broren

I september forkasta fagdommarane frikjenninga av den 25 år gamle mannen. No er han dømt på nytt til fengsel i elleve år.

Knivdrap i Bergen

DØMT FOR DRAP: 21. september i fjor gjekk den 25 år gamle mannen til angrep på broren med kniv i heimen deira i Liarkroken i Åsane.

I juni blei ein 25 år gammal mann i Bergen tingrett dømd til elleve års fengsel for drap på bror sin, i Åsane i september i fjor.

Knivdrap i Åsane

DREPEN FRAMFOR MOR OG KJÆRAST: Dei to brørne rauk i kvarandre heime hos mora, der begge budde. Både mora og offerets kjæraste blei vitne til drapet.

Foto: Remi Boe Presttun

Mannen anka dommen, og juryen frikjente så 25-åringen for drap, og dømte han i staden for lekamsskading med døden til følgje. Fagdommarane forkasta frikjenninga.

No har ein meddommar i Gulating lagmannsrett igjen dømt 25-åringen for drapet, skriv BA.no.

Nekta straffskuld for drap

Det var 21. september i fjor at 25-åringen gjekk til angrep på den to år eldre broren med kniv i ein bustad i Liakroken i Åsane i Bergen. Bakgrunnen for krangelen skal ha vore ein konflikt mellom dei to brørne.

Mannen nektar straffskuld for forsettleg drap, men seier seg skuldig i lekamsskading med døden til følgje. Han seier det overhovud ikkje var hensikta å drepe broren, skriv BA.

Men Gulating lagmannsrett finn ingen formildande omstende, med unnatak av at han tilstod å ha knivstukken broren.

Lagmannsretten grunngjev dommen med at: «Det er tilstrekkeleg at tiltalte har hatt ein vag eller sløret forestilling om at døden ville inntre som ein følge av handlingen».

LES OGSÅ: Politiet: Kjæresten og moren så 27-åringen bli knivdrept