NRK Meny

Dømt for å ha brote nasen på mann

Ein 26 år gamal student er dømt til 120 dagar i fengsel for å ha knekt nasen til ein medstudent på ein fest i samband med fadderveka i fjor. Det skriv BA. Ein krangel skal ha oppstått då tiltalte og fornærma var ueinige om kva musikk som skulle spelast. Mannen må òg betala medstudenten 20.000 kroner i erstatning.