NRK Meny
Normal

Dømd til 11 års fengsel for knivdrap

Ein 25 år gammal mann er i Bergen tingrett dømd til elleve års fengsel for drapet på bror sin i Åsane. 25-åringen ankar dommen.

Knivdrap i Bergen

DØMD: Ein 25 år gamal mann er dømd til 11 års fengsel etter knivdrapet på bror sin i Åsane i september i fjor. 25-åringen må også betale 239.000 kroner i oppreisning og erstatning til si mor.

Dommen fall i tingretten tysdag, skriv Bergens Tidende.

Det var 21. september i fjor at 25-åringen gjekk til åtak på sin to år eldre bror med kniv i ein bustad i Liakroken i Åsane i Bergen. Bakgrunnen for krangelen skal ha vore ein konflikt mellom dei to brørne.

Den avdøde 27-åringen døde av blødingar frå knivstikk i hjartet. Påtalemakta meiner 25-åringen stakk med vilje og aktor Jan-Inge Wensell Raanes bad om elleve års fengsel i sin sluttprosedyre då saka gjekk i retten i slutten av mai.

Må betale erstatning

I sin forklaring i retten sa 25-åringen at han aldri hadde til hensikt å ta livet av bror sin under krangelen.

Bistandsadvokaten bad om 200.000 kroner i skadeerstatning til mora til dei to brørne. Tingretten har tilkjent erstatninga, og mora får i tillegg erstatning for økonomiske tap på 39.000 kroner.

Ankar dommen

Til Bergens Tidende seier 25-åringen sin forsvarar at dommen blir anka.

– Min klient har vore klar på at det aldri var meininga å drepa broren. Han er glad for at han blir trudd av ein av dommarane på at dødsfølgen aldri var tilsikta.

Siste video

Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.
Vestlandsrevyen 12. desember 2017