Hopp til innhold

Dømd etter rulling i tunnel

Ein 39 år gamal mann er i Bergen tingrett dømd til 90 dagars fengsel etter å ha køyrd rullestol gjennom Løvstakktunnelen, skriv BA. Det var natt til 7. april 2016 at mannen rulla i retning Fyllingsdalen i ein manuell rullestol utan lys. Statens vegvesen måtte stenga tunnelen, og det viste seg også at mannen hadde ein foldekniv under setet. I tillegg vart det funne 47 gram amfetamin heime hjå han. Mannen er tidlegare domfelt fem gongar, mellom anna for narkotikalovbrot.