Hopp til innhold

Død mann funnen i sjøen

Ein mann er funnen omkomen i sjøen i Bergen.

Mannen blei funnen av forbipasserande like ved ei båthamn på Damsgård Brygge i 19-tida måndag kveld.

– Personen er henta opp av sjøen, og sendt til obduksjon, forklarar Frode Kolltveit, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Fann ID på mannen

Brannvesenet hjelpte politiet med å hente opp mannen, som blei frakta til Gades institutt. Politiet fann identifikasjonspapirer på den omkomne, og jobbar med å få kontakt med pårørande.

Hundepatrulje har også gjort søk i området der mannen blei funnen.

– Alle slike funn blir handsama som mistenkjelege, fordi vi ikkje kan utelukka noko. Men førebels veit vi ingenting om kva som kan ha skjedd, seier Kolltveit.

Damsgård Brygge