Hopp til innhold

Dobla salet av sider med den nye alkohollova

ULVIK (NRK): Fruktbøndene langs Hardangerfjorden opplever stor vekst i gardssalet etter at dei fekk lov til å selja sterksider. No planlegg fleire bønder å kasta seg på siderbølgja.

Olav Bleie

PANGSTART: – Eg fekk løyvet litt uti juli, og lurte på korleis det skulle gå, men eg fekk ein pangstart på sidersalet, fortel Olav Bleie, fruktbonde frå Ullensvang.

Foto: Tale Hauso / NRK

Det har vore ein pangstart for salet av sterksider direkte frå gardane i Hardanger. Frå 1. juli i år blei alkohollova endra slik at bøndene kan selje sider med over 4,7 prosent alkohol direkte frå eiga gard.

Asbjørn Børsheim ved Ulvik Frukt & Cideri fortel om ei dobling av det totale salet etter at reglane blei endra.

Mykje takka vera at sterksideren har trekt fleire kundar, som også har kjøpt andre varer.

– Den har dratt med seg dei andre varene og, slik at vi har fått større sal totalt sett. Kundane er både lokale, norske og utanlandske, seier Børsheim, som tidlegare har måtta avvisa utlendingar som har vore uforståande til at dei ikkje kunne få kjøpa det han produserte.

– Dei er langt meir nøgde enn tidlegare, og blir ikkje rasande sinte, ler Børsheim.

Asbjørn Børsheim

DOBLA SALET: – Sterksideren har dratt med seg dei andre varene og, slik at vi har fått større sal totalt sett, seier Asbjørn Børsheim i Ulvik.

Foto: Tale Hauso / NRK

Fleire har planar om å starta opp

I tolv år kjempa Børsheim for å få endra lovverket. No har han bygd om utsalet for å få betre plass til varene, i visse om at den lokale konkurransen er på veg til å ta seg opp.

Det nye lovverket er rett og slett i ferd med å skapa ei ny næring, i alle fall ei binæring, i Ulvik, fortel Børsheim.

– No er det vel sju gardar som sel, og eg veit om fleire som har planar om å starta opp til neste år, seier han.

Dei nye reglane opnar ikkje berre for at kundane kan kjøpa sterkare sider direkte frå produsenten, dei får også varer som smakar betre, ifølgje Børsheim.

– Det er i sidrar med seks til åtte prosent alkohol at vi får fram den beste eplesmaken, seier han.

– Kan bidra til reiselivsnæringa

Også i Sørfjorden melder fruktbøndene om auka sal.

– Både i Ulvik og Ullensvang er responsen at det er større handel og nøgde kundar, seier Børsheim.

Olav Bleie i Ullensvang starta med direktesal frå garden for første gong då dei nye reglane kom. Det angrar han absolutt ikkje på.

– Eg fekk løyvet litt uti juli, og lurte på korleis det skulle gå, for dette var jo upløydd mark. Men månaden etterpå var fantastisk. Både bygdefolk og folk frå nærliggande område, men ikkje minst turistar, hadde fått dette med seg, og eg fekk ein pangstart på sidersalet, fortel Bleie.

Børsheim meiner fruktbøndene no kan vera i ferd med å bli ein viktig bidragsytar til reiselivsnæringa.

– I tillegg til at småbruka blir utvikla, tilbyr vi eit produkt som gjer at vi trekkjer til oss fleire folk, noko som gjer at det kanskje også drypp litt på reiselivet, seier han.