NRK Meny
Normal

Dobbelt så mange politimelder incest i år som i fjor

Talet på politimelde seksual-lovbrot har auka kraftig. Størst er auken i talet på incest-saker, som er dobla siste året. Det syner statistikk frå Politidirektoratet.

Bamse på stol

FLEIRE ANMELDER: – Det handler litt om å ta makta tilbake for den som er utsatt for overgrep, og sier «jo, eg vil anmelde», seier Bjørg Nilsen ved incestsenteret i Hordaland.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Dobbelt så mange incest-ofre har gått til politiet i år samanlikna med i fjor. Det vil føre til færre overgrep på sikt, meiner politiet.

Langt fleire går no til politiet for å fortelje om overgrepet dei er utsett for. Talet på politimelde seksual-lovbrot i Noreg har auka kraftig siste åra.

Størst er talet på incest-saker, som er meir enn dobla frå 32 saker første halvår i fjor til 68 saker på same tid i år.

Mørketala avdekkes

Morten Hojem Ervik

MØRKETAL: Auka i anmeldelser av incest gjer at statistikken liknar meir på verkelegheita, trur Morten Hojem Ervik i Politidirektoratet.

Foto: NRK
Politiadvokat Sidsel Isachsen

PREVENTIVT: At fleire anmelder incest kan gjere at færre overgrep blir begått i framtida, meiner politiadvokat Sidsel Isachsen.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Det skjer ikkje nødvendigvis skjer fleire overgrep, trur seksjonssjef Morten Hojem Ervik i Politidirektoratet.

– Så langt vi kan sjå dreier dette seg om at mørketala blir mindre. Det trur vi skyldes ein generell openheit om dette i samfunnet, det er høgt på den politiske dagsorden og hos oss i politidirektoratet, seier Ervik.

Ber om å bli varsla tidleg

For å hindre fleire overgrep, og straffe gjerningsmannen, er det svært viktig at politiet får kjennskap til overgrepet så raskt som råd.

– Kanskje den viktigaste forutsetninga for å kunne oppdatere sakene er at vi får kunnskap om sakene tidlig. Og så har det en preventiv effekt at sakene oppklarast og retteføres, seier politiinspektør i Hordaland, Sidsel Isachsen.

– Høg prioritet hos politiet

Seksual-lovbrot har svært høg prioritet hjå politiet, men dei er vanskelege å etterforske grunna mangel på bevis, og at lovbrotet har skjedd tilbake i tid.

Sjansen for at skuldige vert straffa er likevel større no enn før, seier seksjonssjefen.

– Disse spørsmåla har fått ein heilt anna prioritet gjennom åra slik at man i dag er betre rusta enn man om man går nokon år tilbake, fortel Ervik.

Tek makta tilbake

På incestsenteret i Hordaland har det vore ein uvanleg travel sommar. Fagleg leiar Bjørg Nilsen håpar endå fleire skal tore å politimelde.

– Også for den som er utsett for overgrep, er politimelding viktig, meiner leiar Bjørg Nilsen ved Incestsenteret. Ho håpar fleire skal gå til politiet i framtida.

– Det handler litt om å ta makta tilbake for den som er utsatt for overgrep, og sier «jo, eg vil anmelde», seier Nilsen.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
NRK oppsummerer VM så langt.
Den internasjonale sykkelpresidenten Brian Cookson bommet på årstallet da han åpnet sykkel-VM i Bergen.