Hopp til innhold

Sjå Herborg synge frå «Hellemyrsfolket»

Oppsettinga av meisterverket er ein av storsatsingane til Den Nationale Scene denne hausten. Allereie no kan du få ein smakebit.

I DNS si nye oppsetjing av Hellemyrsfolket, speler Herborg Kråkevik rollen som Petra.

MUSIKAL: Herborg Kråkevik har rolla som Petra i DNS si musikaloppsetting av «Hellemyrsfolket».

Skram sa ho håpa bøkene ville gjere at folk dømte mildare, og det trur eg kanskje ein gjer av å sjå denne førestillinga.

Herborg Kråkevik

13. september er det urpremiere på musikaloppsettinga av Amalie Skrams «Hellemyrsfolket». Den Nationale Scene i Bergen veit at dette er eit verk som også eignar seg for teaterscena. Køane var lange då DNS i 1992 hadde ei maratonoppsetting av historia om Myre-slekta i forbindelse med Festspillene i Bergen.

Denne gongen har teatersjef Agnete Haaland fått med seg både krimforfattar Gunnar Staalesen og musikaren Julian Berntzen med på laget. Stykket er også korta ned frå åttetimarsversjonen i 1992, til tre timar.

– Eg er heilt sikker på at det kjem til å bli spennande for folk å sjå. Men for dei som sit og pussar glansen på messingen av oppsetjinga av Hellemyrsfolket for tjue år sidan, så blir det veldig annleis, seier Herborg Kråkevik som spelar rolla som Petra.

Kråkevik meiner dei likevel har klart å ta vare på det Skram ønskte å seie med bøkene.

– Ho sa ho håpa bøkene ville gjere at folk dømte mildare, og det trur eg kanskje ein gjer av å sjå denne førestillinga.

– Sterke historier

«Hellemyrsfolket» er rekna for å vera det største naturalistiske verket i norsk litteraturhistorie. Dei fire bøkene går gjennom fleire generasjonar og introduserer lesaren for ein fattig familie på Hellemyren. Bøkene skildrar livet i Bergen og på Strilelandet.

– Med desse sterke, gode historiene er eg heilt sikker på at folk ynskjer å sjå stykket igjen. Desse historiene kan forteljast på fleire måtar. Det er eit fantastisk verk, sa teatersjef Haaland til NRK i fjor haust då DNS annonserte oppsettinga.

Manusforfattar Gunnar Staalesen stadfesta i dag at førestillinga skil seg noko frå Skrams verk.

– Me har kutta mykje, mellom anna ein heil generasjon. Men me prøver å verne om bodskapet til Amalie Skram. Eg er sjølv ein stor Skram fan, og når eg ser sluttscenen i denne førestillinga høyrer eg stemma hennar. Det er Skrams historie me fortel.

Få ein smakebit

Sjølv om premiere er først i neste veke, kan du allereie i dag få sjå eit utdrag av stykket i dag.

Herborg Kråkevik, Kjersti Elvik, André Søfteland og Karoline Krüger er blant skodespelarane.

Den Nationale Scene i Bergen

SJÅ VIDEO: Utdrag frå Hellemyrsfolket