Hopp til innhold

Kva er raskast av Bybanen, bil og sykkel?

Slår sykkelen bilisten - og har kollektivtrafikanten ein sjanse? NRK testa morgonrushet saman med Forbrukarrådet.

Vi testet ulike transportsmidler i morgenrushet i Bergen.

SJÅ VIDEO: Vi testa framkomstmiddel i rushet.

Einar Johan Grieg

SYKLIST: Einar Johan Grieg.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK
Unni Sørensen

PÅ BYBANA: Unni Sørensen.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK
Pia Kleppe Marken

I BIL: Pia Kleppe Marken.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Måndag morgon utførte Forbrukarrådet, NAF og Syklistenes Landsforening eit eksperiment: Dei skulle finne ut kva som går raskast av sykkel, bybane og bil i morgonrushet i Bergen.

– Vi gjer det for å vise at det finst forskjellige måtar å komme seg fram på, og at sykkelen kan vere eit alternativ dersom ein ikkje har så veldig lang veg til jobb, seier Einar Johan Grieg, leiar for Bergen sitt lokallag i Syklistenes Landsforening.

– Trur det blir jamt

Grieg sykla den om lag åtte kilometer lange vegen, i konkurranse mot Unni Sørensen frå NAF, som tok Bybanen, og Pia Kleppe Marken frå Forbrukarrådet, som køyrde bil.

Kappløpet starta frå Paradis klokka 07.45, og målet var Den Nationale Scene i Bergen sentrum.

– Eg trur det blir ganske jamt, spesielt mellom sykkel og bane. Men eg håper at sykkelen vinn, seier Grieg rett før løpet starta.

Dei to andre var samde i at det ville bli jamt, men dei heldt Bybanen som ein knapp favoritt.

Måtte vente på Bybanen

Unni Sørensen møtte på første utfordring allereie nokre sekund ut i løpet. Då oppdaga ho at ho akkurat ikkje nådde Bybanen, så ho måtte vente fem minutt på neste.

– Men det er slik røynda er. Av og til må ein vente nokre minutt, seier Sørensen.

Om bord på kollektivvogna verka ho nøgd med transportmiddelet sitt.

– Eg synest det er ei fin og komfortabel reise. Hadde eg sykla eller køyrt bil, måtte eg vere skjerpa og konsentrert på trafikken, medan her kan vi sitje og slappe av, seier ho, 20 minutt etter at løpet starta.

Slik vart resultatet:

  • Sykkel: 22 minutt
  • Bil: 28 minutt og 16 sekund
  • Bybane: 29 minutt og 45 sekund

Er du overraska av resultatet? Bruk kommentarfeltet under.

Resultatlista vart akkurat lik som under ein tilsvarande test i Oslo i slutten av mai. Også der vann sykkelen, etterfølgt av bilen, medan kollektivtilbodet enda sist.

– Eg hadde ein veldig fin tur, med rhododendron som blomstrar og fuglar som kvitrar, seier ein nøgd Einar Grieg ved Den Nationale Scene rett etter at løpet er avslutta.

– Ligg 30–40 år etter

Sjølv om sykkelen vann, meiner Grieg at det ikkje er godt tilrettelagt for syklistar i Bergen.

– Vi ligg vel 30–40 år etter dei stadane der dei har satsa på sykkel, seier Grieg, og får støtte frå Pia Kleppe Marken.

– Statens vegvesen har sagt at det finst 130.000 innbyggjarar i Bergensregionen som kan nå jobben i sentrum på under ein halv time dersom dei syklar. Og frå ein undersøking frå 2008 såg vi at berre 15.500 sykla til dagleg, seier ho.

Er du overraska av resultatet? Bruk kommentarfeltet under.

Seierspall kappløp sykkel bybane bil

SIGERSPALL: Sykkelen vann, seks minutt framfor bilen. Bybana kom på tredjeplass.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK