Dette er Dagmar Blaasvær

Dagmar Blaasvær sitt namn er verkeleg i vinden denne jula.

Dagmar Blaasvær

STORMFULL? Dagmar Blaasvær er redaksjonssjef i Norge Rundt, har bursdag i dag - og har kanskje det mest aktuelle namnet i Noreg.

Foto: NRK

– Eg har fått tekstmeldingar med beskjed om å slutte å blåse i hagane til folk, seier Dagmar Blaasvær med eit smil.

Det bles rundt namnet hennar

Ho har kanskje det mest omtalte namnet i norske medium dei siste dagane. Og med sitt etternamn har det blitt mange morosame og spydige kommentar for Dagmar Blaasvær denne jula.

– Me sjekka på Twitter og då var namnet mitt det aller mest twitra namnet dei siste dagane.

Blaasvær er sjef for Norge Rundt i NRK, opphavleg frå Kristiansund og busett i Bergen.

Eit namn som passar dagane med storm betre skal ein leite lenge etter.

– Endeleg fekk eg full utteljing. Det som er litt komisk er at når eg var lita ville eg gjerne heite May-Liss, og ikkje dette tunge Dagmar-namnet. Men no ville eg ikkje ha bytta.

– Dagmar, no må du roe deg ned

Dei siste dagane har ho måtte tåle fleire kommentarar på det passande namnet.

– Dagmar, no må du roe deg ned. Det blir mange slike kommentarar, seier dei.

Dagmar har bursdag i romjula, men har fått klar beskjed om å ta ei rolig feiring inne. Romjula har ho feira i Bergen, medan namnesystera har herja både her heime og lenger nord langs kysten. Heimstaden Kristiansund er ein av plassane som har fått kjenne naturkreftene.

– Det hadde nok vore betre om eg hadde kome, i staden for stormen, ler ho.

Blaasvær synst det er litt stas å få ein storm oppkalla etter seg.

– Det er ikkje ofte ein kan oppleve det. Det er litt morosamt, for Dagmar er eit namn som aldri dukkar opp elles. Det er slik at når eg møter noen som heiter Dagmar, så raudnar eg nesten for eg vert så glad

Vil kalla opp neste storm etter mora

– Og nå var det altså ein heil storm som heitte «Dagmar».

Og om ho skal få velja namnet på neste storm, ville ho vald å halda det i familien.

– Det må vel bli noko på E då. Då får det bli mor mi sitt namn då, Eldrid. Stormen «Eldrid» – det burde bli ein heftig storm!

Når ho skal blåse ut lysa på bursdagskaka i dag, reknar ho med det burde gå greitt.

– Då kan eg jo berre sette kaka utanfor, så ordnar vel ho andre Dagmar resten.