Hopp til innhold

Det begynte med 30 kompisar...

Dei fleste festivalar startar opp som private arrangement, seier festivalforskar.

Sommerfesten Giske

30.000 besøkande på Sommerfesten på Giske. Det startet med spleiselag i fjøra.

Foto: flickr.com/photos/bildethu

Flatøy Rock Fest

Flatøy Rock Fest har gått fra hageselskap til musikkfestival.

Foto: Privat

Det er ikkje mykje som minner om festival ved det vesle, gule huset på Flatøy i Meland. Men det som starta med eit partytelt i hagen, nokre pallar frå ein butikk og ein forsterkar, har no blitt musikkfestival.

– Her oppe på terrassen er det gamle festivalhovudkvarteret, seier Vegard Flatøy, som samla saman vener i hagen til foreldra ein sommarkveld for fire år sidan.

Men no er festivalen blitt så stor at den må flyttast til den nedlagte skulen på øya, for å ta imot det som truleg blir fleire hundre gjestar.

– Fflatøy Rock Fest veks av seg sjølv, hovudsakleg gjennom jungeltelegrafen, seier Flatøy.

– Mister kontrollen

Og veksten på Flatøy er ikkje unik.

– Dei aller fleste festivalar startar på nettopp denne måten, seier festivalforskar Lennart Fjell ved Universitetet i Bergen.

– Ein føler i starten at ein har kontroll, men veldig mange opplever at festivalen begynner å leve sitt eige liv, seier han.

Eit av dei beste døma på dette er sommarfestivalen på øya Giske utanfor Ålesund. Den starta med 30 kompisar som hadde spleisefest i fjøra. Sist helg kom det 30.000 gjestar til den vesle øya med 700 innbyggjarar.

– Det har vakse i ein utruleg fart. For fire år sidan var det 1000 personar her, så det har vore vanskeleg å henge med i svingane, seier festivalsjef Ante Giskeødegård.

Spelar på landskapet

Han trur suksessformelen er å la besøkande og lokale få ta del i arrangementet er formelen for å lukkast.

– Det er noko organisk og ekte der som folk ønskjer å oppleve. Du får ta del i festivalen på ein heilt annan måte enn ein vanleg rockefestival, seier han.

Han får støtte frå festivalforskaren.

– Dei typiske byfestivalane appellerer til personar som går på festival nesten uansett kva type musikk det er, men utkantfestivalane er annleis. Dei byggjer seg opp rundt landskap og andre kvalitetar som vi finn i distrikta, seier Lennart Fjell.

Vegard Flatøy

Her starta Flatøy Rock Fest.

Foto: Ragnhild Osnes Olsen