Hopp til innhold

Bystyret krev at byrådet lar Karina reisa

Byrådet må sørga for at 23 år gamle Karina Harkestad får reisa på utveksling til USA. Det krev bystyrefleirtalet i Bergen i eit opprop til byrådet.

Karina Harkestad

FÅR IKKJE REISA: Karina Harkestad har kome inn på det prestisjetunge Berkeley universitet i California, USA, men Bergen kommune har sagt nei til at ho får ta med personleg assistent.

Foto: Marit Hommedal

– No går bystyret på ferie, og det var siste sjanse bystyret hadde til å få hjelpa Karina Harkestad, seier Lillian Blom frå SV – partiet som har tatt initiativ til kravet frå bystyrefleirtalet.

I førre veke fortalde NRK at den 23 år gamle psykologistudenten er i ferd med å gje opp håpet om å få reisa – fordi kommunen har gitt avslag på at ho får ha med seg personleg assistent.

Lillian Blom SV

MÅ FÅ LOV: Lillian Blom i SV er klar på at kommunen bør la Harkestad få reisa på utvekslingsopphaldet til USA.

Foto: NRK

Harkestad har kjempa ein lang kamp for å kunne reisa på utveksling. Ein medfødd muskelsjukdom gjer at ho er avhengig av assistanse.

– No er me kome i juni, og det byrjar jo i august. Håpet blir mindre og mindre dag for dag, men så klart håpar eg på eit mirakel, sa Harkestad til NRK tidlegare.

Klar tale frå bystyret

No krev heile opposisjonen – som har fleirtal i bystyret – at helsebyråd Hilde Onarheim må skjera igjennom og sørga for at Karina Harestad får reisa på utveksling.

– Fleirtalet i bystyret ser at sånn kan me ikkje ha det. Denne saka løysast ved at Karina får reisa og studera i utlandet, seier Rune Balarvik frå Arbeidarpartiet.

Også Erlend Horn frå Venstre stiller seg bak kravet.

– Ho må få lov til å reisa på utvekslingsopphaldet. Ho skal ikkje lida fordi ein ikkje har fått ei avklaring på kva for byråkratisk system som skal ta rekninga.

– Kan ikkje stå ansvarleg

– I utgangspunktet ville nok dei ha ønska at me berre skulle sagt: «reis, og så ordnar vi alt». Men det kan ikkje eg som byråd gjera, seier helsebyråd Hilde Onarheim frå Høgre.

Hilde Onarheim

IKKJE FORSVARLEG: Helsebyråd Hilde Onarheim meiner at kommunen ikkje kan gi Karina eit tilstrekkeleg helsetilbod i USA.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Etter at ho tok imot brevet frå bystyret har ho bede om eit hastemøte med helseminister Bent Høie frå same parti.

Men helsebyråden står fast på at kommunen ikkje kan ta ansvaret for tenestene til Harkestad når ho er i utlandet.

– Det vert heilt feil at Bergen kommune skal vera ansvarleg for at ho får dei riktige helsetenestene. Me kan ikkje forsvara det faglege i dette.