– Dette er den verste dagen i mitt liv

Bygginga av den nye universitets-aulaen i Bergen raserer ein historisk kulturskatt, meiner universitetet sine eigne fagfolk.

Bygginga av den nye universitets-aulaen i Bergen raserer ein historisk kulturskatt, meiner universitetet sine eigne fagfolk.

SJÅ TV-SAK: – Dette er vel ein konservator sitt mareritt, for å seie det slik, seier konservator ved UiB Marie-Louise Lorentzen. Reporter: Turid Rogne | Fotograf: Ingfrid Fossåskaret

Marie-Louise Lorentzen

KRITISK: Konservator Marie-Louise Lorentzen ved UiB.

Foto: Ingfrid Fossåskaret / NRK

Den gamle festsalen i Universitets-museet må nemleg vike for den nye aulaen, og i dag starta rivinga – til sterke protestar.

– Dette er vel ein konservator sitt mareritt, for å seie det slik. Det er mitt livs verste dag.

Det seier Marie-Louise Lorentzen som jobbar som konservator ved Universitetet i Bergen. Ho står og ser på rivinga av det ho meiner er ein kulturskatt som burde vernast.

Kritisk til at det gamle må vekk

Universitetsaula Bergen arbeid

BYGGER OM: Arbeidet med å bygga den nye aulaen ved Universitetet i Bergen er i gong.

Foto: Turid Rogne / NRK

For to veker sidan fekk Lorentzen i oppdrag å dokumentere original-interiøret i universitetsmuseets gamle festsal, som har vore skjult bak lettveggar sidan 1960-talet.

Konservatoren har blitt svært kritisk til at alt det gamle skal vekk.

– Eg tenkjer vel at det hadde vore flott å utnytte den gamle salen slik den var.

Festsalen i Universitetsmuseets sørfløy, frå 1898, var i si tid eit storslått festlokale for offentlege tilstellingar og føredrag. Salen høyrde til Bergen museum som var starten på dagens universitet.

Må vike for ny aula

Men no skal salen vike for ein ny universitetsaula, ein endå større festsal med plass til 550 personar.

Fagdirektør Henrik von Achen ved UiB syner fram teikningane over den nye aulaen.

– Her har du kafeen, og så kjem aulaen her. Den har to etasjar, forklarar og peikar von Achen.

Planane er godkjende av riksantikvaren og museumsdirektøren meiner at universitetets overordna behov veg tyngre enn bevaring i dette tilfellet.

– Det ein har avdekka no er det ein har forventa å finne. Og det ein har funne er av ein slik karakter at det ikkje er umisteleg. For å seie det litt brutalt: Desse tinga er ikkje unike, seier fagdirektøren.

Trass i fagleg usemje, er rektor sikker i si sak:

– Vi har mangla ein slik arena i mange, mange år. Kor vi kan ha foredrag, seremoniar og konsertar. Dette blir også ei storstove for andre arrangement enn UiB sine. Og det trur vi er et viktig ansvar i samfunnet for universitetet, seier rektor Dag Rune Olsen.

Ny universitetsaula

SÅNN BLIR DET: Slik blir den nye universitetsaulaen.