NRK Meny
Normal

Byrådet i Bergen tek grep etter kritikk mot steintransport

Kallar inn til møte etter at fullasta lastebilar blir tvungne til å køyra den same steinen fram og tilbake.

Fullastede lastebiler med stein må kjøre gjennom skoleområde på grunn av offentlige anbudsregler. – Totalt meningsløst, tordner naboer.

TETT TRAFIKK: Mange av dei hundrevis av steinlastane som kvar dag blir køyrt til steindeponiet i Hordnesskogen, blir køyrt ut att med det same dei er køyrt inn.

– Me ynskjer ein dialog med båe partane for å sjå om det er mogleg å gjera miljøbelastninga mindre, seier byutviklingsbyråd i Bergen, Anna Elisa Tryti (Ap).

Naboane reagerer på at mange av dei hundrevis av lastebilar som køyrer inn og ut av steindeponiet i Hordnesskogen i Fana, køyrer den same steinen inn og ut av området same dag.

Byråden vil ha svar

Av og til er det berre snakk om korte stansar inne på deponiområdet.

Anna Elisa Tryti

BYRÅD: Byutviklingsbyråd i Bergen Anna Elise Tryti.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Bergen kommune har godkjent steindeponiet i Hordnesskogen. Men me er veldig opptekne av den samla miljøbelastninga i området.

Difor har Tryti kalla inn Statens vegvesen og Bybanen Utvikling til eit møte i morgon tidleg. Målet er å finna ei løysing på korleis miljøbelastninga kan reduserast.

– Me må vurdera kva handlingsrom me har, sett ut ifrå dei kontraktane som er inngått. Samstundes må utbygginga av veg, deponering av massar og utfylling i Lungegårdsvann få gå sin gang.

Steindeponi i Hordnesskogen

300 PER DAG: I snitt køyrer over 300 fullasta vogntog inn og ut av steindeponiet i Hordnesskogen kvar dag. Mange av desse turane er unødvendige

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Tilfeldig at det er same lastebilfirma

Austad AS vann først underoppdraget med å flytta steinmassane for Statens vegvesen. Seinare vann entreprenøren også underoppdraget med å frakta den same steinen for Bybanen Utbygging.

Men før den tid hadde allereie Statens vegvesen og Bybane Utbygging inngått kontrakt om å samla steinmassane i deponiet.

– I utgangspunktet var ikkje me klar over at deler av steinen skulle til Store Lungegårdsvann. At det no er det same lastebilfirmaet som køyrer, er tilfeldig. Hadde to ulike firma vunne anboda, hadde ikkje dette vore ei problemstilling i det heile, seier prosjektleiar Sverre Ottesen i Statens vegvesen.

Laster kart, vennligst vent...

OMVEG: Turen innom Hordnesskogen vert ein omveg på 4,9 kilometer kvar veg for lasten som eigentleg skal til Bergen sentrum.

– Avhengig av buffermasse

For å oppfylla sine krav til kontraktane, altså steinen leverast og hentast i deponiet, sjølv om det utgjer ein omveg på 2,4 kilometer kvar veg for dei lastebilane som i teorien kunne køyrt direkte.

Sidan etterspurnaden etter massar ved utfyllinga ikkje alltid matchar pågangen av stein frå tunnelarbeidet, er ein avhengig av ei jamn tilførsle til steindeponiet, seier fungerande direktør i Bybane Utbygging, Terje Simmenes.

Sverre Ottesen

MOLBO: Prosjektleiar Sverre Ottesen i Statens vegvesen vedgår at metoden kan vera litt «molbo», men meiner framgangsmåten er den einaste som kan brukast for å halda styr på kven som skal betala kva.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

– Det er ikkje alltid me kan ta imot massar direkte frå tunnelen. Det må difor vera ein buffermasse i deponiet å ta av når me treng steinen, seier direktøren.

Simmenes seier han var kjent med at «ein mindre del av bilane» køyrde tur-retur med den same steinen.

– Forstår at folk stiller spørsmål

I går kalla prosjektleiar Ottesen metoden for «molbo». Bybane-direktøren forstår at enkelte stiller spørsmål ved den ekstra køyringa, og seier at partane vil diskutera kor vidt løysinga dei har valt, er den beste.

– Det må me diskutera under møtet. Om dette er hendige unntak eller om det skjer ofte, vil vera avgjerande for kva me vurderer.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Programleder: Mariann Reikerås
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.