Hopp til innhold

Bygdefolk mest misnøgde

Iallfall når det gjeld kollektivtransporten. Har blitt verre og verre dei siste fem åra.

Busstopp
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Ifølgje ei undersøking gjort for avisa Nationen, er meir enn halvparten av dei som bur på bygda misnøgde med kollektivtrafikktilbodet der dei bur.

I byane, derimot, svarar heile åtte av ti at dei er godt nøgde med tilbodet.

Byfolk mest klagete?

I Bergen har det vore mykje snakk om kollektivtrafikk i det siste, ikkje minst i media. Likevel tyder altså undersøkinga på at når det kjem til stykket, synest folk i byen slett ikkje busstilbodet er så ille.