Det er pengebruken til sosialhjelp og barnevern som er hovudårsaka til underskotet i bydelane.
Må ordne opp sjølv
Bydelane må sjølve finne tiltak for å redusere underskota i budsjettet. Det meiner finansbyråd i Bergen, Trond Tystad. Finansbyråden meiner det må drastiske tiltak til for å unngå underskota, men at byrådet berre kan dekke inn mindre delar av dette.
Kan ikkje kutte meir
Løysinga på problema ligg altså først og fremst hos bydelane, trass i at fleire bydelsleiarar har sagt at dei ikkje ser kvar dei skal kunne kutte så store summar i frå før stramme budsjett. Ei av dei, avtroppande bydelsstyreleiar i Åsane, Karin Woldseth frå FrP, seier det er uaktuelt å kutte meir.
Bydelsreformen i fare
For eitt år sidan blei situasjonen karakterisert som vanskeleg - den gongen var underskota i bydelane berre halvparten så stort som no.
- Held dette fram, står heile bydelsreformen i fare, seier Tystad.