NRK Meny
Normal

Bussjåfør (64) alvorleg skadd etter angrep

Ein bussjåfør vart angripen av ein rusa person ved ein busshaldeplass i Bergen i dag tidleg. – Det vart opplyst at han hadde blitt påført store hovudskadar, seier operasjonsleiar.

Birkelundstoppen

ANGRIPEN: Bussjåfør var blitt angripen av ein rusa mann på Birkelundstoppen. Den fornærma vart køyrd til Haukeland med skadar i hovudet.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Klokka 07:45 søndag fekk politiet melding om at ein bussjåfør var blitt angripen av ein rusa mann på Birkelundstoppen ved Kiwi.

Vitne fortel at det var ein mannsperson som gjekk til angrep.

Sjåføren viste seg å opphalde seg i eller ved ei vaktbu og var ikkje knytt til ein buss med passasjerar på dette tidspunktet.

Laster Twitter-innhold

Påført store hovudskadar

– Når politiet kom med ambulanse, var den mistenkte på staden. Han vart straks pågripen. Fornærma var ganske blodig i ansiktet og det vart opplyst at han hadde blitt påført store hovudskadar, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

Den fornærma var bevisst og vart køyrd til Haukeland universitetssjukehus for behandling.

Klokka 11.20 skriv Haukeland universitetssjukehus i ei pressmelding at mannen er alvorleg skadd.

– Vi varsla krimteknisk som vart sendt til staden, sånn at vi kom raskt i gang med åstadsundersøking og sporsikring. Vi fekk kontakt med vitne og passasjerar, og starta med avhøyr, seier Kolltveit.

Prega av det dei har sett

Det var passasjerar på ein buss som ikkje stod langt frå hendinga.

– Nokon av desse har blitt prega av det dei har sett, og dei har blitt varetatt av politi og helseapparatet, seier Kolltveit.

Den mistenkte er ein mann i midten av 30-åra. Han vart arrestert på staden og er no på politihuset. Han var rusa og var innom legevakta. Gjerningsmannen er kjent frå politiet frå tidlegare.

Klokka 11.00 avslutta krimteknikarane undersøkinga på staden.

Laster Twitter-innhold

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik