Brukte kvart million på varslarsak

Politiet har brukt ein kvart million på rådgiving i varslarsaka der ein politimann meiner det har vore manglande innsats mot grov menneskehandel. Det skriv VG. Tidlegare politimeister Einar Drægebø og ein advokat blei engasjert i saka. Nestleiar i Politiets Fellesforbund i Hordaland, Ørjan Hjortland, seier til avisa at han reagerer på manglande openheit om bistanden som er gitt.

Politihuset i Bergen
Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK