NRK Meny
Normal

Brukar sommarferien på å læra matte

Hordaland fylkeskommune arrangerer sommarskule for niande gong i år. Det er spesielt mattekunnskapane elevane treng å friska opp.

Skuleelevar

MATTEUNDERVISNING: 90 elevar i Hordaland brukar to veker av sommarferien på å få ekstra undervisning i matte.

Foto: Marthe Njåstad / NRK

10 ivrige ungdommar prøver så godt dei kan å følge med på tavla der mattelærar Olav Lee forklarar prosentrekning.

– Det er jo sjølvsagt litt tungt. Eg måtte avbestilla sydenferien også. Men så lenge eg klara å bestå har eg gjort noko fornuftig. Eg var litt useriøs på vidaregåande, og strauk. Det må eg betale for no, seier Jørgen Rennedal.

Jørgen skal ta opp att eksamen i matematikk for yrkesfag. Han strauk i faget for tre år sidan, og må no stå på eksamen for å få fagbrevet sitt.

Det er over 60 elevar på sommarkurset som skal ta eksamen i dag. Den ekstra moglegheita innført for at elevane skal få god hjelp og sleppa å ta eksamen aleine til hausten.

Tilbodet blir gitt på Askøy, Stord, Knarvik og i Bergen og går over to veker. Det blir også gitt norskopplæring for minoritetsspråklege.

Jørgen Rennedal

HÅPER Å STÅ: Jørgen Rennedal skal ta fagprøven i murarfaget i august. For å få lov til å gå opp må han stå på matteeksamen han skal ha i dag.

Foto: Marthe Njåstad / NRK

Dårlege mattekunnskapar

Delen som får karakteren 1 eller 2 er særlig høg i dei praktiske matematikkfaga. Her får over 50 prosent av elevane karakteren 1 eller 2. Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at årets tiandeklassingar enda opp med det lågast snittet på matteeksamen nokon gong,

I Hordaland var snittet på mattefaga i vidaregåande skule på 2,8.

Spesialrådgjevar Petter de Presno Borthen i Hordaland fylkeskommune fortel at 70 prosent av dei som har tatt eksamen etter kurset dei siste åtte åra har stått på eksamen. Han merker at ungdommane er motiverte.

– Ungdom skjønner at dei må oppnå ein kompetanse for å få jobb. Det er ein hard kamp der ute for å nå gjennom. Ein kan ikkje komma med eit halvferdig fagbrev, då får du ikkje jobb.

Petter Borthen

VIKTIG TILBOD: Petter de Presno Borthen er spesialrådgjevar i Hordaland fylkeskommune. Han meiner sommarskulen er ein god måte å få ungdommane til oppnå mattekarakteren dei treng.

Foto: Marthe Njåstad / NRK

Får frukost og lunsj

Sommarskulen er eit samarbeid mellom fylkeskommunen og Røde Kors. Røde Kors sørger for at elevane får frukost og lunsj kvar dag.

Dei stiller også med frivillige som hjelper til i undervisninga. Slik får elevane særleg god oppfølging.

– Me legg til rette for dei sosiale rammene, slik at dette også skal bli ei kjekk oppleving og at ungdommane får lyst til å gå tilbake. Det er samfunnsmessig gunstig at elevane kjem seg gjennom vidaregåande, seier Linn Beathe Hæreid Espeland, koordinator i Røde Kors.

Linn Beathe Hæreid Espeland

FRIVILLIG: Linn Beathe Hæreid Espeland i Røde Kors er oppteken av det også skal vera plass til det sosial midt i all undervisninga.

Foto: Marthe Njåstad / NRK

Borthen fortel at det særleg er mange lærlingar som møter på kurset.

– For å få fagbrev må du stå i matten frå VG1, og me har 20 lærlingar no som skal ta eksamen som dei treng for å få fagbrevet. Me håpar dei klarer dette etter kurset.

– Redd for tal

Mattelærar Olav Lee har undervist på kurset sidan det starta i 2007. Han opplever ofte at ungdommane dessverre er litt redde for matematikkfaget.

– Mange har fått litt skrekk for tal, og dermed skrekk for å læra alt som har med tal å gjera. Då vil ein ikkje læra nokon seinare heller, fordi ein har dradd rullegardina ned for den slags ting.

Olav Lee

TALSKREKK: Lærar Olav Lee merkar at mange elevar er redde for tall og at dei vegrar seg for å ta fatt på mattematikken.

Foto: Marthe Njåstad / NRK


Jørgen Rennedal håper at han etter eksamen i dag vil enda opp med å få ta fagprøven i murarfaget.

Ja, etter desse to vekene har eg trua på at det kjem til å gå bra.

Siste video

Vegvesenet rydder på rasstedet på riksvei 13 i Odda, der to biler ble truffet av et steinras.