Hopp til innhold

Brannvesenet kunne rykke ut til fots til denne arbeidsulukka

Ein person hamna i vatnet då lekter full av stein gjekk rundt rett utanfor hovudbrannstasjonen i Bergen. – Det såg dramatisk ut.

Lekter gjekk rundt i Store Lungegårdsvann i Bergen

GJEKK RUNDT: Ein person svømde til land i det kalde vatnet då ein lekter gjekk rundt i Store Lungegårdsvann. i Bergen.

Foto: Bergen brannvesen

Det var klokka 07.59 at brannvesenet sjølv vart vitne til ei arbeidsulukke i Store Lungegårdsvann i Bergen.

Like ved brannstasjonen gjekk ein større lekter rundt, og ein person hamna i det kalde vatnet. Utrykkingstida og avstanden vart difor kort for brannvesenet.

– Vi såg at lekteren krenga ei stund, og så gjekk den rundt. Det såg dramatisk ut, seier vaktkommandør Torkjell Helle ved 110-sentralen i Hordaland.

Svømde sjølv i land

Lekteren var knappe 20 meter frå land, og var full i stein. Det går føre seg eit større utfyllingsarbeid i området ved brannstasjonen og Amalie Skrams vidaregåande skule.

To brannmenn fekk med seg kva som skjedde, og kunne straks trå til med hjelp.

Personen som var om bord i lekteren svømde sjølv til tryggleik på land, og vart så tatt hand om av naudetatane.

– Heldigvis vart han ikkje treft av steinane i lekteren. Han svømde raskt i land, forsikrar Helle.

Brannmenn var vitne

To brannmenn fekk med seg kva som skjedde, og kunne straks trå til med hjelp.

– Heldigvis vart han ikkje treft av steinane i lekteren. Han svømde raskt i land, forsikrar Helle.

lekter gjekk rundt i lungegårdsvann

Arbeidsulukke

Lekteren er no dratt inn til land, men ligg framleis å duppar feil veg i vatnet.

Politiet seier dei reknar hendinga for å vera ei arbeidsulukke, og vil følgje opp saka.

Naudetatane melder om at personen som var i vatnet, er uskadd.