NRK Meny

Brannen på Os er sløkt

Brannvesenet på Os har sløkt brannen i ein fritidsbåt i Kvernevika, opplyser vaktkommandør ved 110-sentralen i Hordaland, Sigbjørg Villanger. – Det var opne flammar i båten då brannmannskapet kom fram, som difor vurderte å trekkja båten vekk frå marinaen. Ein fekk etter kvart kontroll over flammane, seier Villanger. Det var ingen personar om bord.