Hopp til innhold

– Det gjekk berre nokre sekund så var det full fyr i traktoren

Traktor overtent i Nordhordland. Ingen personar kom til skade.

Traktor i brann på Floghaugane på Frekhaug i Nordhordland.

SJÅ VIDEO: Traktoren er heilt overtent. Den står 15–20 meter frå næraste hus, men det skal ikkje vera fare for spreiing. Ingen personar har kome til skade.

– Traktoren er overtent og vi har starta sløkking, seier vaktkommandør Stig Tetler ved 110-sentralen Hordaland. Dei fekk melding om traktorbrannen klokka 07.28.

Ifølge han står traktoren 15 meter frå eitt hus ved Floghaugane på Frekhaug.

Det var ingen i traktoren då den byrja å brenna. Folk på staden merka først at det kom røyk ut av traktoren, og få sekund seinare var den heilt overtent.

– Full fyr på få sekund

Helge Enanger seier til NRK at han akkurat hadde parkert traktoren før han skulle lesse av stein i forbindelse med arbeid med tomta på staden.

– Eg var på jobb og skulle nett av å sjå på noko anna, då svigersonen min som køyrer gravemaskin ringde og sa det kom røyk ut av traktoren.

– Få sekund seinare slo det flammar ut av den og det var berre å komme seg vekk slik at den fekk brenna, seier Enanger til NRK.

Helge Enanger om traktorbrann på Frekhaug

Helge Enanger seier det tok få sekund før heile traktoren var i brann.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Ikkje fare for spreiing

Heldigvis var det vindstille når det byrja å brenne i traktoren, slik at faren for spreiing var låg.

– Korleis opplevde du brannen?

– Svigersonen min vart kanskje meir stressa enn meg, men det er klart ein blir fortvila når det byrjar å brenne. Vi prøvde å sløkke, men det gjekk ikkje, seier Enanger.

Synleg på lang avstand

– Vi sjekkar kva som har skjedd og er også på staden. Det er ingen som er komme til skade, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i politiet.

Røyken og flammane er synlege på lang avstand i Nordhordland.

Klokka 08.00 melder brannvesenet at dei har kontroll på brannen.

Traktorbrann Frekhaug utbrent

Traktoren er totalskadd etter den veldige brannen.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK
floghaugane