Hopp til innhold

Brann i Slettebakksveien

  • BRANN SLØKKT:

    Brannvesenet har sløkt brannen i Slettebakksveien i Bergen. Ifølge politiet var leilegheita tom for folk, men ein katt er redda ut. Ettersløkking går føre seg, og vegen er førebels stengt ved nokre innkøyrslar for å lette arbeidet til naudetatane. Fleire personar vart evakuert i forbindelse med brannen.

  • - VINDAUGE HAR EKSPLODERT:

    Ifølge politiet er det kraftig røykutvikling frå andre etasje på ei blokk i Slettebakksveien i Bergen. – Det kom meldingar om at vindauge har eksplodert. Alle naudetatane er framme på staden, fortel operasjonsleiar i politiet, Morten Kronen.