Hopp til innhold

Brann i hus på Austevoll

Det brenn i eit hus sør på Austevoll. 110-sentralen fekk for kort tid sidan melding om brannen. Det var ein nabo som varsla, då han såg at eine veggen sto i full fyr. – Det ser ikkje bra ut, for det er lang utrykningsveg, seier vaktkommandør Ronald Drotningsvik. Det er ikkje folk i huset, og ikkje fare for at brannen skal spre seg.