Det kan bli heftig å vera skiturist på Mjølfjell i Voss kommune i vinterferien. Forsvaret har sendt ut varsel om bruk av bombekastarar siste veka i februar som er vinterferieveka, stikk i strid med tidlegare lovnader.
Skremme turistane
Turistvert Kåre Lie ved Mjølfjell Ungdomsherberge fryktar at bombeaktiviteten i Rjoandalen på Mjølfjell skal skremme bort turistane.
Forsvaret ynskte i utgangspunktet å bruke dette området til å øve med bombing frå fly. Bygdefolket vart då lovd at det ikkje skulle vera noko bombing i feriane.
Stoppa flybombing
- Planane om flybombing vart stoppa av styresmaktene etter massive protestar.
- Når prosjektet med flybombing vart stoppa, nullstiller me alt og det er heller ikkje aktuelt å halde på avtalen om bombestopp i feriane, seier oberstløytnant Oddmund Nygård ved Alliert Treningssenter Sør til NRK Hordaland
Vakker dal
Rjoandalen er vakker, spesielt med ski på føtene. Mange meiner dette er det flottaste skiterrenget på Mjølfjell, og kanskje blant dei beste på heile Vestlandet. Bygdefolk likar ikkje all aktiviteten som har vore der.
- Denne hausten har det vore stor aktivitet både med jagarfly og helikopter. Me er uroa over kva planar forsvaret har, seier Kåre Lie.