NRK Meny
Normal

– Pasientar utan pårørande blir ikkje tatt på alvor

Det er urovekkande, seier Pasientombodet.

Ein 57 år gammal mann blei altså funnen død dagen etter at han blei avvist ved legevakta i Bergen.
No får både legevakta og AMK refs av helsetilsynet etter hendinga for eitt år sidan.

AMK OG LEGEVAKTA FÅR REFS: Ein 57 år gammal mann kontakta legevakta i Bergen for å få hjelp. Dagen etter blei mannen funnen død.

Rune Skjælaaen

UROVEKKANDE: – Mannen er ikkje tatt på alvor og det er urovekkande, seier pasientombod Rune Skjælaaen.

Foto: NRK

9. april i fjor kontakta ein 57 år gammal mann kontakta legevakta i Bergen med sterke magesmerter og sa han trengde hjelp.

Hjelpa kom aldri og dagen etter blei den 57 år gamle mannen funnet død i sitt eige heim.

Pasientombod Rune Skjælaaen meiner pasientar utan pårørande som pressar på ikkje blir tatt på alvor.

– Det er urovekkande at vedkommande ikkje er tatt på alvor fordi det ikkje er nokon som masar om at han må følgjast opp.

– Då ingen tok ansvar, gjekk det veldig gale

AMK trudde at kommunen hadde tatt hand om mannen, medan kommunen trudde det motsette.

Ingen følgde opp saka, og neste dag vart 57-åringen funnen død, truleg av ei form for tarmslyng og betennelse.

Tor Grimstad

INGEN TOK ANSVAR: Legevaktsjef Tor Grimstad er til dels samd med pasientombodet, men meiner hovudproblemet har vore manglande ansvarsfordeling.

Foto: NRK

Legevaktsjefen er til dels samd med pasientombodet, men meiner hovudproblemet har vore manglande ansvarsfordeling.

– I denne saka blei det ikkje klart kven som skulle ta ansvaret for mannen. Og då ingen tok ansvaret, gjekk det veldig gale, seier legevaktsjef Tor Grimstad.

Endrar rutinane

Betre rutinar skal hindre at dette skjer igjen.

– Me må ha skriftlege rutinar som ein del av opplæringa for våre tilsette og på AMK i Helse Bergen, seier legevaktsjefen.

Pasientombodet er nøgd med at legevakta og AMK no tar saka på alvor.

– Dette som skjedde denne kvelden blir gått nøye gjennom.

– Det er bra for den framtidig kommunikasjonen mellom helsevesenet og pasientar, seier pasientombod Rune Skjælaaen.

Siste video

 Programleder Mariann Reikerås
13 lam rømde då bilen dei vart frakta med kolliderte. Dyretransporten fekk ein brå stopp og sauene stakk til skogs.