Hopp til innhold

Bli med over Vidden i Bergen steg for steg

Lengtar du etter snø og vidde? Då kan du ta turen over snøkledde byfjell over Vidden i Bergen med NRKs fotograf.

Vidden steg for steg 2

VIDDEN: Fylg med NRK-fotograf Petter Goga når han spring over Vidden i Bergen.

– Eg vil dela opplevinga av Vidden med andre, og visa at ein kan få sol, snø og fjell også i byen, seier Petter Goga entusiastisk.

NRK-fotografen har allereie dokumentert korleis det er å sykle frå sør til nord i Bergen, og testa heile sykkel-VM-løypa med kamera.

No vil han oppmuntra folk til bruka byfjella også når snøen ligg kvit. Inspirert av programma der Lars Monsen dreg på tur, tok han med seg eit kamera på den 15 kilometer lange løypa frå Montana til Fløyen.

Få ein smakebit frå turen ved første veiskilt etter Årstadhytten:

Filma og sprang

Vidden steg for steg 5

GOGA: Petter Goga spring over Vidden i Bergen med kamera i handa.

Foto: Petter Goga

– Eg var nysgjerrig på om det let seg gjera å produsera stabile bilete medan eg sprang med kamera i handa, og på korleis det ville vera å springa med eit kamera i handa så lenge, fortel han.

Resultatet vart eit program på ein time og førti minutt i strålande vintervêr. Der alt du høyrer er tung pust og lyden av lette steg i knirkande snø.

Programmet er også gjort tilgjengeleg i NRKs nett-tv.

Goga håpar mange lèt seg inspirera av turen, og kosar seg på Vidden i påsken så vel som resten av året.

Her er løypa han sprang, med start ved Ulriksbanen sin stasjon ved Haukeland sjukehus og Montana:

Ber folk ta med bos

Men alt var ikkje berre idyll i byfjella. Undervegs fann han fleire spor etter folk som hadde vore der før han. Spor som eingongsgrillar og plastflasker.

Difor har han ei klar ei oppmoding til alle som skal til fjells:

– Hugs å ta med deg boset ditt! Greier du å bera med deg ein grill opp på Vidden, så greier du å ta han med ned att òg.

Få ein smakebit frå turen frå nedover mot Øvre Jordalsvatnet: