NRK Meny
Normal

Skjerping: – Dette blir tidenes beste VM

Petter Goga, U23-bronsevinnar Kristoffer Skjerping og Stian Remme er i mål etter å ha sykla løypa proffsyklistane skal bryne seg på under sykkel-VM i 2017. – Eg likte det eg såg, seier Skjerping.

Goga, Skjerping, Remme

SJÅ VM-LØYPA: Petter Goga, Kristoffer Skjerping (Joker Merida) og Stian Remme sykla heile VM-løypa. Følg turen frå sykkelsetet her.

Bergen og Norge arrangerer sykkel-VM, i 2017. U23-bronsevinnar Kristoffer Skjerping, Stian Remme og Petter Goga er no i mål etter å ha testa løypa proffsyklistane skal kappast i under VM i 2017.

LES OGSÅ: Bergen og Norge får sykkel-VM i 2017

Goga, Skjerping og Remme

LANDEVEG: Petter Goga, U23-bronsevinnar Kristoffer Skjerping og tidlegare proff Stian Remme sykla i dag heile løypa proffsyklistane skal sykle under VM i 2017.

Foto: NRK

– Dette blir tidenes VM, spesielt turen gjennom Sotra er jo så flott. Eg er supermotivert, seier Skjerping i mål på Festplassen i Bergen.

Turen i dag brukte U23-bronsevinnaren på å førebu seg til 2017. Han seier nyheita om VM i Bergen gav han motivasjonen han trengde for å ta bronsemedalje i helga. Skjerping likte det han såg i VM-løypa.

– Løypa er ikkje spesielt hard. Spesielt dei frå Spania og Italia kunne nok ha tenkt seg ei enda hardare løype. Men når det fyrst er VM i Bergen, så er det viktig at me lagar ho slik det passar oss best, seier han.

– No er det dei yngre kreftene som må ta over

Skjerping

MOTIVERT FØR VM: Kristoffer Skjerping brukte turen i dag til å bli kjent med VM-løypa for 2017.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Proffsyklistane skal i 2017 innom nabokommunane Askøy, Fjell og Øygarden, før dei går mot mål forbi verdsarva Bryggen. Stian Remme la i helga proffsyklist-karriere bak seg, og kjem til å følgje VM i 2017 frå sidelinja.

– Løypa er fin, og det er nok å bryne seg på. Men alt til si tid. No er det dei yngre kreftene som må fram og ta over, seier han og nikkar til Skjerping.

– Eg har følgt med på Skjerping sidan han var ein gutekvelp. Eg såg alt då at han hadde noko spesielt, så det blir moro å følgje han vidare.

Dei som følgde med på direktesendinga kunne sjå ein syklist i kvit trøye, kaste seg med i løypa i Solheimsviken. Det var ingen andre enn idrettsbyråd i Bergen, Helge Stormoen.

– Eg heiv på meg sykkelkleda, og fekk oppleve ei kjempefin løype. Dette er den beste måten me kan selje Bergen på, utan tvil, seier byråden.

Han seier det kan komme justeringar i løypa fram mot VM. Ein vurderer no om Birkelundstoppen også skal bli lagt inn i andre del av løypa.

Sjå intervjuet med syklistane like før avgang:

Petter Goga, U23-bronsevinnar Kristoffer Skjerping og tidlegare proff Stian Remme syklar no heile løypa proffsyklistane skal få bryne seg på under sykkel-VM i 2017.

I MÅL: Petter Goga, Stian Remme og Kristoffer Skjerping er no i mål. Skjerping brukte turen i dag for å førebu seg på VM i 2017. – Eg likte det eg såg, seier han.

Direktesendt fleirkamera-produksjon på sykkel

Med skrekkblanda fryd sykla NRKs Petter Goga i dag VM-traseen. I utgangspunktet var ideen å berre sykle VM-løypa for å teste den ut, som då han testa ruta frå Åsane til Flesland, men så balla det raskt på seg.

sykkel klar for VM-trasèe

FLEIRKAMERA-PRODUKSJON: Tre kamera er montert på sykkelen til Goga. Undervegs på turen skifta han mellom desse ved hjelp av ein liten miksar montert på styret.

Foto: Petter Goga

– Eg tenkte at eg måtte ta det eit hakk opp. I dag har eg tre kamera med, som eg kan styre frå ei knapperad på sykkelen, og ein bitte liten miksar for å skifte mellom desse, sa Goga før avreise i dag.

Då NRK snakka med Goga i går kveld, hadde han ingenting å seie på «hjelperittarane» han skulle ha med seg.

– Då eg fekk høyre det blei eg litt «okey, han har nettopp vunne bronsemedalje i VM for U23». Stian Remme som òg er proff er også med. Eg skal nok klare å henge på, men eg håpar dei køyrer litt roleg, ler han.

LES OGSÅ: Petter Goga testa sykkelvegen gjennom Bergen

– Montana blir eit kritisk punkt under VM

VM-løypa er delt i to. Herreklassen syklar fyrst ut på Sotra via gamle vegen om Loddefjord/Laksevåg, vidare på gamlevegen til Fjell og så rundt på vestsida av Sotra til Ågotnes, før løypa går vidare til Kolltveit. Syklistane skal så følgje hovudvegen inn til Loddefjord mot Puddefjordsbrua.

Petter Goga i mål

DIREKTE FRÅ VM-LØYPA: NRKs Petter Goga sykla med tre kamera på sykkelen i dag.

Foto: NRK

Der startar andre del av løypa, som er ei rundløype syklistane skal sykle 11 gonger.

Denne løypa går frå Michael Krohnsgate til Løbergsveien, via Minde, til Landås, Montana og Kalfaret, før dei skal legge kursen mot Kong Oscars gate, Øvregaten, Bontelabo, og til sist gå mot mål forbi Bryggen og inn mot Festplassen i Bergen.

– Det kritiske punktet under VM kjem nok når syklistane kjem inn til byen, og skal opp Landås, Sollien og Montana. I utgangspunktet er ikkje det ein utfordrande bakke for proffsyklistar, men når dei har køyrt denne 11 gonger og byrjar bli slitne kan feltet splittast opp og folk vil prøve å stikke, seier Goga.

Den fyrste delen av rittet er på 70 km, og rundløypa er på 16 km x 11, totalt om lag 250 kilometer.

LES OGSÅ: VM-traseen går rett forbi huset til stortalentet Kristoffer (21): – Dette blir tidenes VM

LES OGSÅ: – Dette kjem til å bli gigantisk

Rute sykkelVM 2017

SYKKEL-VM 2017: Langs den raude linja går fyrste del av løypa for sykkel-VM.

Foto: Skjermdump/google maps

Siste video

Da Tony Martin syklet opp Fløyen grep politiet inn mot en tilskuer som kom for nærme.
Vi flyttet studioet vårt ned til sentrum i anledning sykkel-VM
Opp mot 15.000 publikummere fant veien til Fløyen i Bergen under dagens temporitt.