NRK Meny
Normal

Kan bli fleire år med bompengar

Langt færre enn venta nyttar seg av Hardangerbrua. Snart eitt år etter at landets lengste hengebru opna, ligg trafikken 17 prosent under det forventa. – Ekspertane har kanskje vore for offensive.

Hardangerbrua

LITE BILAR: Sidan opninga 17.august i fjor, har 540.000 køyretøy passert Hardangerbrua på riksveg 7. Det er 17 prosent færre enn forventa.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Det kan bety at det vil ta lenger tid å betale ned brua. Men det er altfor tidleg å sei, seier styreleiar Einar Lutro i Hardangerbrua A/S.

Han konstaterer at trafikken over Hardangerbrua ikkje har nådd den mengda ein hadde trudd på førehand. Då ferjene over fjorden mellom Bruravik og Brimnes vart erstatta av brua, var håpet at trafikken skulle dobla seg på årsbasis.

Men sidan opninga 17. august i fjor, har 540.000 køyretøy passert over. Det er 17 prosent mindre enn det ein hadde forventa på førehand.

– Trafikken har flytta seg

No innrømmer Lutro at ein kanskje hadde for høge håp til trafikkmengda.

– Det er vanskeleg å spå framtida, så kanskje har alle ekspertane vore for offensive her, seier Lutro.

Hardangerbrua har ei gjeld på 1,5 milliardar som etter planen skal dekkjast inn av bompengar i løpet av dei neste 14 åra. Men om ikkje trafikken tek seg opp, kan det ta lengre tid å få betalt ned gjelda.

– Det ein ikkje tok høgde for i 2004 og 2005, var at vegen gjennom Sogn og Hemsedal no er rusta opp. Ein del trafikken har nok flytta seg den vegen, trur Lutro.

Ein vinter med ein del stengingar på Hardangervidda må nok også ta skulden for den låge trafikken.

Siste video

Vestlandsrevyen, 22.09.2017.
Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.