- SJÅ OGSÅ:
– Det er såpass mykje ekstremvær oppå Hardangervidda og meir skal det bli i åra som kjem. At nedgangen kom til å bli så dramatisk det visste vi, seier Halsøy.
Dobbelt så stort mål
17. august 2013 vart ferjesambandet Bruravik-Brimnes erstatta med Hardangerbrua, og målet var at trafikken over brua skulle bli dobbel så stor som på ferja.
Det har no gått eit drygt halvår sidan brua opna og berre ein dryg tredjedel av det talet køyretøy som ein treng for å få brua til å gå rundt har passert.
Talet på kor mange biler som bør passera i løpet av ein månad varierer frå månad til månad. På årsbasis er talet 1950 biler per døgn, men for januar er talet noko lågare; 960 biler per døgn.
Målet for brua er å ta imot dobbelt så mange biler som ferja på strekninga tok i fjor. For perioden 1. september–1. februar har Hardangerbrua berre klart 76 prosent auke.
Stenging på vidda får konsekvensar
Halsøy trur at lastebilsjåførar vel vekk riksveg 7 over Hardangervidda til fordel for andre fjellovergangar.
– Ein vel heller E134 over Haukeli, Hemsedal eller Filefjell. Det er kort og godt fordi vi er opptatt av å velja vegar som er tilgjengelege og opne. Sånn er det ikkje på Hardangervidda.
Ønskjer betre veg over Haukeli
– Vil ikkje Hardangerbrua vera med på å gjera riksveg 7 betre i åra framover?
– Jo, det er klart. Det vil nok på eit eller annan tidspunkt kome ein ny eller betre veg over Hardangervidda. Men vi er redd for at folk skal bli så uroa at dei lar riksveg 7 gå på kostnad av E 134, seier Halsøy.
Norges Lastebileier-Forbund Hordaland er klar på kva veg som er den viktigaste for dei.
– Vårt standpunkt er ikkje endra. For oss er E134 over Haukeli den viktigaste vegstrekninga no, og den må det bli gjort noko med. Dette for å sikra at vi har gode aust-vest passasjar, men også vest-sør passasjar. Det er minst lika viktig, seier Halsøy.
- SJÅ OGSÅ: