Hopp til innhold

Bil køyrte i fjellveggen - ein person henta ut

Ein person blei lettare skadd etter ulukka på Sotra.

Bil i fjellveggen på Sotra

Like før halv åtte melder politiet om ei trafikkulukke på Sotra i Fjell kommune.

– Ein bil har kollidert med fjellveggen, og ein person er henta ut. Me kan ikkje seie noko om skadeomfanget enno, seie operasjonsleiar i politiet, Terje Magnussen.

Kvart på åtte melder politiet om at føraren av bilen vert køyrt til legevakta for ei sjekk. Vedkommande skal vere lettare skadd.

Vegen er stengt

Fylkesveg 559 blei stengt ved Fjell kyrkje, mellom Møvik og Fjell, men er no open for trafikk.

Det var glatt på staden, melder politiet.

– Me er ikkje sikre på om det var glatt der før ulukka skjedde, eller om det er oljesøl etter ulukka som gjer det. Vegvesenet er varsla, seier operasjonsleiar Arve Samsonsen.