Hopp til innhold

Bil køyrde inn i butikk

Ein bil køyrde i kveld inn i ein butikk i Birkeveien i Bergen. Ei kvinne i 60-åra sat i bilen, men skal ikkje vere alvorleg skadd. – Kvinna har forklart at ho trakka på feil pedal då ho skulle parkere. Ho var i sjokk då naudetatane kom frå, fortel operasjonsleiar i politiet, Tatjana Knappen. Kvinna har fått hjelp av ambulansepersonell på staden.