Hopp til innhold

Bil køyrde av vegen i Hardanger – éin person funnen død

Ein person blei funnen død i ein bil i Granvin sundag. Politiet trur personen har fått eit illebefinnande.

Person funnen død i bil i Granvin

Klokka 12.21 fekk Vest politidistrikt melding om ei trafikkulukke på Nesheim i Granvin herad. Ein bil hadde køyrt av vegen og ein person sat livlaus bak rattet.

Alle naudatane rykte ut til staden. I tillegg blei ein luftambulanse rekvirert.

Tyder ikkje på straffbar handling

– Ambulanse var først på staden og det blei sett i gang livreddande førstehjelp. Livet stod diverre ikkje til å redda og personen blei erklært død av lege, opplyser operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i ei pressemelding sundag ettermiddag.

Politiet har gjort undersøkingar på staden og så langt er det ikkje noko som tyder på at noko straffbart har skjedd.

Dei pårørande er varsla, melder politet.

Trilla ned ein skråning

Det var mindre materielle skader på bilen.

– Det framstår som om at avdøde har fått eit illebefinnane under køyring. Skadane tyder på at bilen har trilla ned ei mindre skråning i låg fart, opplyser politiet.

Det er heller ikkje indikasjonar på at andre køyretøy eller personar har vore involvert i hendinga.

Hendinga har ifølge politiet skjedd på ein mindre gardsveg.

– Dette blir rekna som ei undersøkingssak frå politiet si side. Det framstår som ei sak med eit tragisk utfall.