NRK Meny
Normal

Bil utfor kaien – person redda seg ut

Ein bil hamna i sjøen ved Bakarvågen på Askøy i ettermiddag. Politiet mistenkjer at føraren var rusa.

Laster kart, vennligst vent...

Politiet fekk melding om utforkøyringa på Askøy klokka 16.14. Operasjonsleiar Morten Kronen i politiet fortel at ein person kom seg ut av bilen for eiga maskin.

– Han seier han var åleine men vi har redningsdykkarar i sjøen for å vere heilt sikre.

Personen som tok seg i land sjølv er oppegåande men skal ha fått nokre kutt.

– Bilen har gått til botn men me veit ikkje kva som har skjedd enno. Det må me snakka med bilførar om.

Mistenkjer ruskøyring

Mannen vart teke med til legevakt for ein sjekk. Der vil det også bli tatt ein blodprøve, fortel operasjonsleiaren.

– Han hadde ikkje førarrett og vi mistenkjer at han køyrt bilen i rusa tilstand.

Bilen trilla over kanten av kaien i Bakarvågen, ei høgd på 1,5 meter ifølge Kronen. Askøyværingen skriv at onkelen til bilførar vart vitne til ulukka.

– I løpet av to-tre sekund var bilen heilt under vatn. Han kom seg ut på eiga hand etter eit halvanna minutt.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.