Bil i elv i Nordhordland

Alle naudetatar har rykt etter at ein bil har hamna i ei elv i Nordhordland.

Laster kart, vennligst vent...

BIL I ELV: Ein bil har køyrt i ei elv like ved Kvalheimsvatent i Radøy.

Politiet melder like før klokka 16 at bilen er tom. Vitner på staden skal ha hjelpt dei forulukka ut av bilen.

– Me har ikkje kome i kontakt med dei som sat i bilen, så me veit enno ikkje kor vidt den eller dei er skadd, opplyser operasjonsleiar Arne Samsonsen i Vest politidistrikt.

Laster Twitter-innhold

Vaktkommandør i 110-sentralen i Hordaland, Håkon Myking, seier til NRK klokka 15.55 at det er uvisst kor mange personar som sat i bilen.

– Dei har i alle fall komen seg ut, og er antakelegvis på si heimeadresse. Helsepersonale har fått kontakt med dei, men eg kjenner ikkje til skadeomfanget.

Meldinga gjekk ut på at det stor ein bil nedi ei elv like ved Kvalheimsvatnet nord for Manger i Radøy. Bakluka skal ha vore open, opplyser Samsonsen.

Det er uvisst kor skadd bilen er.

NRK oppdaterer saka.

Siste video

Et mobilspill utviklet i Bergen skal hjelpe barn til å mestre utfordringer i hverdagen. Målet er å hindre psykiske problemer i oppveksten.
Se film fra brannen 1916 og hør et øyenvitne fortelle om det vanvittige dramaet.
Natt til søndag utløste noen tåregass på utestedet Downstairs i Bergen sentrum.