NRK Meny
Normal

56-åring pågripen for bombetrugsel

Ein bombetrugsel blei måndag ettermiddag ringt inn til Bergen tinghus. Politiet pågreip ein time seinare ein 56 år gammal mann.

Avsperring ved tinghuset

SPERRA AV: Eit område ved tinghuset er sperra av.

Foto: Marius Tengs Johansen

Like etter klokka 14 i ettermiddag var det full utrykking til Bergen tinghus. Tinghuset blei evakuert og gatene rundt tinghuset som ligg midt i Bergen sentrum blei sperra av.

På staden fekk NRK stadfesta frå politiet at det er mottatt ein bombetrugsel mot tinghuset.

Politiet mottok klokka 14.10 ein uspesifikk bombetrugsel mot Bergen tinghus, opplyser Hordaland operasjonssentral på Twitter.

Evakuering i og rundt Bergen tinghus etter bombetrugsel

VIDEO: Bergen tinghus blei evakuert etter ein bombetrugsel mot tinghuset.

Politiet ser på det som «fyllerøre»

Alle naudetatar blei varsla då bombetrugselen kom inn.

Politiet utanfor Bergen tinghus etter evakuering

VÆPNA: Politi som har rykka ut til Bergen tinghus er væpna.

Foto: Marius Tengs Johansen

– Heile tinghuset blei evakuert og alle redningsetatar blei sett i alarmberedskap. Etter kort tid hadde Haukeland sjukehus gjort klart for det som i verste fall kunne skjedd, seier operasjonsleiar Ronny Lentføhr i Hordaland politidistrikt.

Klokka 15.15 melder politiet at ein 56 år gammal mann er pågripen i saka og at det heile blir sett på som «fyllerøre».

Politiet melder vidare at 56-åringen er blitt varetektsfengsla, og at aksjonen er avslutta og situasjonene normalisert.

Pågripen i leilegheit i Åsane

Operasjonsleiar Ronny Lentføhr opplyser til NRK at 56-åringen blei pågripen i ei leilegheit i Åsane. Det var frå denne leilegheita trugselen blei ringt inn til politiet.

– Ein person ringte inn og sa at Bergen tinghus skulle sprengast i lufta, seier Lentføhr.

Operasjonsleiar Ronny Lentføhr om bombetrugsel mot Bergen tinghus.

Video: Operasjonsleiar Ronny Lentføhr om bombetrugselen.

Via telefonnummeret mannen ringte frå spora politiet han opp.

– Me fekk difor ganske raskt konstatert kven som hadde ringt inn trugselen. Me aksjonerte mot leilegheita og pågreip gjerningsmannen som eigentleg også har erkjent dei faktiske forhold i den grad han er i stand til å erkjenna det, seier Ronny Lentføhr.

– Han har vore på legevakta, blitt klarert for innsetting i arrest og han hadde promille på over tre, forklarer operasjonsleiaren.

– Er dette ein mann som er kjent for politiet?

– Me må kunna seia at han er godt kjent for politiet frå før.

Evakuert til kantina

Evakuering og politisperringar ved Bergen tinghus

SPERRA AV: Alle naudetatar rykka ut til Bergen tinghus og kvartalet rundt tinghuset blei sperra av.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Då tinghuset blei evakuert blei dei tilsette ved tinghuset samla i kantina, som ligg i eit nabobygg.

Brannvakta i Bergen stadfestar at dei rykka ut til ein automatisk brannalarm i ettermiddag. Det var ingen brann opplyser brannvakta til NRK og viser til politiet for vidare informasjon.

Heile kvartalet rundt tinghuset blei sperra av medan bygningen blei undersøkt.

Like over klokka 15 blei sperringane rundt tinghuset oppheva.

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik