Hopp til innhold

Køyrer mindre bil enn tidlegare, men sykkelvegane er det få av

Bruken av bil gjekk ned i Bergen frå 2005 til 2009. Men kommunen kjem nest dårlegst ut når det gjeld kommunale gang- og sykkelvegar i store byar i Noreg.

Kø Fjøsangerveien

MEIR BUSS OG BANE: – I den siste fasen der Bergen kommune hadde kollektivansvaret, så brukte me åtti millionar kroner på å subisidera kollektivtransporten, seier byråd Lisbeth Iversen (KrF).

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Lisbeth Iversen

Byråd Lisbeth Iversen (KrF).

Foto: Tore Sevheim / NRK

Det viser ein rapport offentleggjort av SSB i dag.

– Me har eit stykke igjen når det gjeld tilbodet av gang- og sykkelvegar, men me er veldig glade over tala av nedgangen i bilbruk, seier byråd for byutvikling, klima og miljø i Bergen, Lisbeth Iversen (KrF), til NRK.no.

– Det har vore ei målretta satsing å redusera bruken av bil i Bergen, og blant anna er jo Bybanen etablert i ein eksisterande vegbane, legg ho til.

I høve samarbeidsprosjektet «Framtidens byer» er rapporten utarbeidd på oppdrag frå Miljøverndepartementet, og inneheld utvalte indikatorar og statistikk om miljøstatus og miljøutvikling i kommunane som er med på prosjektet.

– Dyrt å byggja

Sjølv om bruken av miljøvenlege transportmidlar går opp i Bergen, er berre Tromsø knappare når det gjeld tilbodet av kommunale gang- og sykkelvegar i «Framtidens kommuner».

– Me ligg lågt på den skalaen, og det har litt med geografiske høve å gjera. Me har fjell og det er dyrt å byggja, seier Iversen.

– Men det er viktig å understreka at me tidlegare har lagt opp til kombinerte gang- og sykkelvegar, så me fell ut av kategorien som gjeld reine sykkelvegar. Men etterkvart som sportsyklistane har gjort seg gjeldane på arenaen, har me snudd oss inn, og vil byggja seperate gang- og sykkelvegar, seier ho.

Sykkelvegen mellom Bergen og Os er blant anna ikkje teke med i berekningane til SSB. Dette er av di traseen er eigd av staten, sjølv om Bergen kommune har vore med på å finansiera tilbodet.

SSB-rapport om Framtidens byer

Bergen ligg nest lengst bak når det gjeld tilbod av kommunale gang- og sykkelvegar.

Foto: Statistisk Sentralbyrå / SSB

Ambisiøs sykkelhandlingsplan

For å betra tilbodet av sykkeltrasear i bergensområdet, vedtok kommunen blant anna ein sykkelhandlingsplan i fjor vår.

Å setja planen til livs krev blant anna førti moglegheitsstudier, trettitre byggjeplanar og tjueto reguleringsplanar. All utbyggjing reknast å vera ferdig framstilt rundt år 2020.

– Det er ikkje alt ein treng å regulera, men sidan me ikkje har meir land å ta av i dei tronge Bergensdalane, så må ein omprioritera dei vegane me har og planleggja traséar. Målsetjinga vår er å klara det før ti år er gått, men dei neste fem åra vil svært mykje viktig infrastruktur vera ferdig, seier Iversen.

Planen tilsvarer ein innsats på mellom 1 og 1,5 milliardar kroner, og i dei næraste åra har kommunen fullfiansiert planen med mellom seksi og sytti millionar kroner i året.

– Ein slik omfattande handlingsplan må til for å sikra ei ambisiøs satsing. Og det som Bergen har vedteke i Bystyret er på topp i landet.

– Bergen den mest ambisiøse byen når det gjeld nasjonal satsing på sykkel, seier Iversen.