- Eg hadde eit møte med klubben torsdag kveld. Der vart vi einige om ein avtale som gjer at eg no trekker kravet om konkurs, seier Trond Flaa. Dermed er klubben redda frå konkurs i denne omgang.
Har tru på framtida
Flaa kom før påske med konkurskrav mot Bergen Flyers, fordi klubben skulda han 50.000 kroner i løn. Men no har han tru på panane for framtida til klubben.
-Ønsket mitt er at ishokeyen i Bergen skal overleve, seier den tidlegare trenaren.
Leiarar gir seg
Leiaren og nestleiaren i styret har no bestemt seg for å gi seg, og klubben skal få ny organisasjon.
-No kjem det endeleg nokre folk inn som berre har gode løysingar. Vi har sakna ein organisasjon som gjer at vi kan trivast i eliteserien, seier Flaa.
Konsekvensen av konkurs kunne ha blitt at eliteserieklubben vart degradert til tredjedivisjon. Men no trekker altså Flaa kravet om konkurs.