Hopp til innhold

Største øvinga i sitt slag i regionen

Denne veka vil folk i Bergen sjå soldatar i gatene. I éi veke skal 1400 kvinner og menn i øve på å trygge samfunnet i ei stor heimevernsøving.

Øvelse Bjørgvin

1400 SOLDATAR: I éi veke vil folk i Bergen sjå vepna soldatar i gatene.

Foto: Heimevernet

Frå i dag og fram til søndag 14. september gjennomfører Heimevernet ei øving i overraskande krisesituasjon i Bergensområdet.

Dette vert gjort for å trena samarbeid og koordinering mellom dei som sørgjer for vår felles tryggleik.

– Om vi skal klare å arbeide saman når uventa hendingar skjer, er det viktig at vi øver saman, seier sjefen for Heimevernet på Vestlandet, oberstløytnant Ingvar Seland.

Publikum vil sjå soldatar i gatene

I tillegg til Bergen kommune, Sivilforsvaret, Forsvaret, vil alle naudetat som politi, helse og brann vere med å øvinga.

Publikum vil merke øvinga ved at det er ein del øvingsaktivitet på land og på sjøen i Bergen by og i tilknyting til Haakonsvern.

– Folk vil sjå stor aktivitet, særskilt i sentrum, men også på Flesland og på Bergenhus festning, fortel soldat og lagførar Eirik Vevatne

– Heimevernet sitt hovudoppdrag er å beskytte menneske og viktige samfunnsfunksjonar, noko som vil bli hovudfokuset også på denne øvinga, seier oberstløytnant Seland.

– Realistisk trening

Oberstløytnanten meiner øvingana er lagt opp til å vere så realistiske som mogleg.

– Situasjonane med øver på er veldig realistiske. Visst me ser på terrortrugslane i sommar ser me jo at øvingane er lik slik det ville vore i røynda, seier Seland.

Han legg til at folk ikkje har noko å uroe seg over sjølv om det vil vere mykje synlege soldatar i Bergensområdet.

– Det vil bli losna skot med øvingsammunisjon, men vi skal gjere det vi kan for å unngå å forstyrre folk, seier oberstløytnant Seland.