Ber Søviknes slutte å sutre
SV-leiar Audun Lysbakken meiner oljeminister Terje Søviknes (Frp) bør innsjå at Lofoten-slaget er tapt. – Eg skjønar det er frustrerande å ikkje få gjennomført sin dårlege politikk, men det er småpartia som tek vare på folkeviljen i denne saka, seier Lysbakken til Avisenes Nyhetsbyrå.