BÅTFØRAR GJENNOM FRONTRUTA:

Føraren av båten som gjekk på ein holme ved Flatøy gjekk gjennom frontruta på båten og landa i sjøen. Mannen blei plukka opp av forbipasserande og blir sjekka av helsepersonell på staden. Mannen følte seg øm etter ulukka, men var oppgåande, melder politiet.