Hopp til innhold

– Me trur dei har gått laus på kvarandre med kniv

To personar sit i forvaring hos politiet etter at dei i natt blei funne med kuttskadar i Solheimsviken i Bergen. – Begge har fått avslag på opphaldstillatelsen, seier operasjonsleiar i politiet, Morten Kronen.

Vikens gate, Bergen

Klokka 00.53 fekk AMK melding om at ein person sat i Vikens gate i Bergen og blødde frå eit sår. Politiet rykka ut og fann ein person med kuttskadar.

– Han hadde to store kutt på armane, og det ser ut til at desse kjem frå ein kniv, seier operasjonsleiar Morten Kronen.

Mannen blei henta i ambulanse og køyrt til lege.

– Han var veldig unnvikande i forklaringa si om kva som hadde skjedd. Me undersøkte området nærmare og fann etter kvart ut at han kom frå ei leilegheit i området.

Framme ved leilegheita dukka ein anna mann opp, som prøvde å stikke av frå politiet. Han blei pågripen, men var helle ikkje særleg samarbeidsvillig, seier Kronen.

Sikta for lekamsskading

Også den andre mannen blei funnen med kuttsår som kan komme frå knivbruk og frakta til lege. Politiet trur dei har gått laus på kvarandre med kniv.

– Det var blod på trappa utanfor leilegheita, inne var det ein god del blod og mesteparten av inventaret var knust.

Mennene har begge fått avslag på opphald i Noreg, men kan ha fått ei utsetjing.

Ingen av mennene har ville forklare kva som har skjedd. Dei skal avhøyrast seinare i dag med tolk, men har mogleg fått utsetjing på dette. Politiet trur dei har gått laus på kvarandre med kniv.

Begge er sikta for lekamsskading.