Barnehagetilsett sikta for overgrep mot to barn

Politiet har utvida siktinga mot mannleg barnehagetilsett i Bergen. Mannen i 30-åra er no sikta for overgrep mot to barn i den same barnehagen.

Varetektsfengsling, overgrep i barnehage

FENGSLING: Politietterforskar Andreas Lervik og politiadvokat Eli Valheim under det første fengslingsmøtet i februar. Politiadvokat Sven Arne Dahl-Michelsen har no saka.

Foto: Kaja Hauge / NRK

Ein mannleg barnehagetilsett vart i februar arrestert på veg til jobb i barnehagen, og seinare fengsla i fire veker.

Då var mannen i 30-åra sikta for seksuelt overgrep mot eit fem år gamalt barn, men politiet sa at dei kom til å gjere avhøyr av fleire barn.

Tysdag opplyser politiet at dei har utvida siktinga med eitt forhold.

– Dette gjeld seksuell handling med eit anna barn. Barnet er i barnehagealder, og går i den same barnehagen, seier politiadvokat Sven Arne Dahl-Michelsen til NRK.

Fengsla i fire nye veker

Fengslingsforlenginga vart behandla i Bergen tingrett i dag tidleg. Politiet fekk medhald i at sikta skal sitje fengsla i ytterlegare fire veker, med brev- og besøkskontroll.

Den sikta mannen nektar framleis straffskuld.

- Han stiller seg uforståande til siktinga. Han har vore i fleire avhøyr og samarbeider bra med politiet, seier Dahl-Michelsen.

Har avhøyrt fleire barn i barnehagen

Politiet sikta først mannen etter paragraf 299 i den nye straffelova, «Valdtekt av barn under 14 år». Her blir alle seksuelle overgrep mot barn under 14 år definert som valdtekt.

No er altså siktinga utvida med eit forhold, etter paragraf 304 i straffelova. Det gjeld seksuell handling mot eit barn under 16 år.

Begge forholda mannen er sikta for skal ha skjedd i januar 2019, får NRK opplyst av politiet.

– Sidan førre fengslingsmøte har politiet avhøyrt ei rekke vitne og fleire barn er avhøyrt på Barnehuset i Bergen, seier Dahl-Michelsen.

Han ønskjer ikkje å oppgi kor mange barn som er avhøyrt, av omsyn til etterforskinga.

Barnehageleiinga varsla politiet

Bakgrunnen for at politiet gjekk til arrestasjon av den barnehagetilsette, var opplysningar frå barnehageleiinga. Då valde dei å avhøyra eit fem år gamalt barn på Barnehuset i Bergen.

– Ut frå det som kom fram i avhøyret bestemte vi oss for å arrestere den sikta, sa politiadvokat Eli Valheim etter fengslingsmøte i februar.

Sidan då har Sven Arne Dahl-Michelsen tatt over som politiadvokat i saka.

Det har ikkje lukkast NRK å få kontakt med sikta sin forsvarar.