Hopp til innhold

Barn skadd etter uhell ved Folgefonna

Naudetatane rykka ut etter meldingar om ei ulukke i Folgefonna nasjonalpark.

Ulukka vart meldt frå ein utanlandsk familie på tur i Buerdalen ved Folgefonna i Odda, like før klokka 13.00.

Dei første meldingane gjekk ut på ein person var skadd etter det som var omtalt som eit uhell.

Då ambulansen kom fram like før klokka 13.00, viste det seg at det var eit barn som var skadd i ulukka.

Det er uvisst kor hardt skadd barnet er, men vedkommande skal ha klart å gå frå ulukkesstaden sjølv. Familien og barnet skal klare å kome seg ned til parkeringsplassen ved breen, der dei får hjelp av helsepersonell.

Buerdalen er ein brearm til Folgefonna, og eit populært turistmål i Odda.