Hopp til innhold

Avsluttar etterforskinga av dødsfall på danskebåten

Politiet avsluttar etterforskinga av dødsfallet på danskebåten «M/S Bergensfjord». Undersøkingar syner at det ikkje skjedde noko kriminelt med 20-åringen som i april vart funnen død i skipsarresten.

Skipsarresten på MS Bergensfjord

LEGG VEKK SAKA: Den 20 år gamle mannen vart funnen død i fyllearresten i april. Etterforsking syner at det ikkje skjedde noko kriminelt.

Foto: TV2 Danmark

– Politiet avsluttar no saka, og konklusjonen er at dødsfallet ikkje er forbunde med noko straffbart, fortel politiadvokat Ørjan Ogne til NRK.no

Det var i april at ein 20 år gamal mann vart funnen død i skipsarresten på danskebåten «M/S Bergensfjord».

Etterforskinga til politiet syner at det ikkje ligg noko kriminelt bak dødsfallet.

Dansk politi tek over

Ogne fortel at dansk politi nok tek over etterforskinga.

– Dette fordi skipet er danskregistrert. Så det er opp til danske myndigheiter og dansk politi å gjere ytterlegare undersøkingar.

Det er difor også opp til dansk politi om dødsfallet skal få konsekvensar for Fjord Line, selskapet som driv båten som går mellom Hirtshals i Danmark og Bergen.

Fjord Line uttalte i april at rutinane om bord for bruk av skipsarresten vart følgd.

Rutinane seier at mannskapet skal sjå til personen som sit i arresten ein gong i halvtimen.

Bergensfjord

M/S BERGENSFJORD: Ein 20 år gamal mann vart funnen død i skipsarresten på danskebåten i april.

Foto: NRK

Dette skjedde

Den 20 år gamle mannen frå Nordhordland vart sett i skipsarresten under overfarten til Bergen natt til måndag 22. april. Men når båten er komen til kai i Bergen, oppdagar mannskapet at noko er gale.

  • Klokka 07.50 oppdagar mannskapet på skipet at det var ein kritisk situasjon inne i skipsarresten. Som ein del av rutinane vert førstestyrmann tilkalla.
  • 07.55 er førstestyrmann på plass og startar livredding.
  • Samstundes vert ambulanse på land i Bergen varsla.
  • 08.05 kjem ambulansepersonell om bord.
  • 08.18 får politiet melding om at personen i skipsarresten er død.