UKJEND HISTORIE: Kva som hendte ved Kaldafoss i Tysnes under andre verdskrig har lenge vore ukjend. I dag vart det vesle stykket krigshistorie endeleg markert.
70 ÅR ETTER: Det var mange frammøtte før avdukinga på frigjeringsdagen 8. mai.
POMP OG FRAKT: Det var mange uniformerte på plass på Tysnes i dag. Høgståande representantar frå både Forsvaret og regjering var med og heidra dei tre britiske pilotane.
AVDUKA: Meir enn 70 år etter hendinga var endeleg augenblunken der. Statssekretær Lars Jacob Hiim (H) stod for avdukinga av minnesmerket.
HEIDRA: Statssekretær Hiim og ordførar Kjetil Hestad la ned krans framfor det splitter nye minnesmerket.
NØSTA OPP: Historia om dei tre britane vart nøsta opp då ein lokal mann tok det på seg å undersøkje ei vag historie om eit fly som hadde styrta i Tysnes under andre verdskrig.
Svein Ove Agdestein (andre frå venstre) er mannen som løyste den ukjende krigsgåta. Nøkkelen vart eit fotoalbum kjøpt i Tyskland, som viste eit styrta fly i landskap Agdestein kjende seg igjen i. I dag kunne han stolt vere med på avdukinga saman med Arnfinn Jarl Seim frå den britiske ambassade (til venstre) og statssekretær Hiim og ordførar Hestad.
MUSIKK: Korpsmusikk var ein del av seremonien under avdukinga i dag.
SKRYT: – Det er eit spennande detektivarbeid han har gjort som gjer at me no kan ta del i ei viktig del av historia vår, seier ordførar Hestad.
MINNE FOR FRAMTIDA: Britane Normann Wallace Cook, William Kenneth Jenkins og Bernard William Frederick Bates vil no for alltid ha ein plass i den norske krigshistoria. Cook og 'Bates er gravlagde i Bergen, Jenkins gjekk ned med flyet', står det på minnesteinen.