Assange-utstilling fjerna frå mediehus: – Dette minner om sensur

BERGEN (NRK): Då det kom reaksjonar, fekk huseigaren kalde føter. No er utstillinga fjerna. – Ironisk i den største medieklynga i landet, seier kunstnar.

"We are millions" protestutstilling MCB

FJERNA: «We are millions» er til støtte for den kontroversielle Julian Assange. No har leigetakarar i landets største medieklynge fått fjerna utstillinga.

Foto: Ida Yasin Andersen / nrk

Førre veke blei 6000 portrettbilete hengt opp på vegger i Bergen sentrum til støtte for den kontroversielle wikileaksgrunnleggaren Julian Assange.

I 2010 publiserte Wikileaks mykje konfidensielt materiale, mellom anna om USA si krigføring i Irak og Afghanistan. Julian Assange er tiltalt for å ha brote spionasjelova til USA.

Ein av portrettveggane for protestutstillinga «We are millions» er i kantineområdet på Media City Bergen (MCB). Men laurdag var kunstutstillinga vekk.

Assange-utstilling fjerna frå Media City Bergen

BORTE: Laurdag morgon var utstillinga fjerna frå lokala i Media City Bergen.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Bakgrunnen for at Entra ville ha utstillinga vekk, er at dei har fått reaksjonar frå leigetakarar i lokalet.

Det var Bergensavisen som fyrst meldte om at utstillinga ville blir fjerna.

We are millions

SKULLE STÅTT TRE VEKER: På MCB blei utstillinga sett opp 26. juli, og skulle eigentleg vekk 16. august, ifølge BA. Men no har den blitt fjerna, to veker for tidleg.

Foto: Ida Yasin Andersen / nrk

Har fått reaksjonar

Den anonyme gatekunstnaren AFK er ein av initiativtakarane bak kunstutstillinga. Kunstnaren peikar på at det er ironisk at dette – i den største medieklynga i landet – fører til klage til huseigar i staden for å føra til debatt.

– Eg syns det er trist at Entra er blitt pressa av leigetakarane til å fjerna utstillinga, og eg er lei meg for at dei er blitt sett i denne ubehagelege posisjonen. Eg ønsker at dei som vil ha utstillinga fjerna skal stå fram med grunn, seier AFK.

AFK-bilde av Julian Assange

BLEI RIVE NED: AFK si framstilling av Julian Assange fekk mykje merksemd i påsken, men blei rivet ned kort tid etter at det blei hengt opp i Fosswinckelsgate i Bergen.

Foto: Øistein Jakobsen

Entra vil ikkje kommentera saka og viser til at det er Compass Group som har ansvaret for restaurantane. Compass Group vil ikkje svara på spørsmål frå NRK, men skriv i ein sms:

«Compass Group og Entra har lagt til rette for at ulike kunstnere kan få stille ut i de områdene Compass Group disponerer på MCB. Vi ønsker selvsagt at dette skal oppfattes som positivt blant byggets leietakere.»

NRK har fleire gongar bede Compass Group om eit intervju for å stille spørsmål om saka, men dei har nekta å stille til intervju utover desse kommentarane.

Dei skriv vidare: «Vi må innrømme at vi ikke forutså disse reaksjonene, men etter at Entra har mottatt en del reaksjoner fra byggets leietakere har vi blitt enige om å ta utstillingen ned tidligere enn planlagt».

We are millions

STØTTAR PROTESTEN: Tusenvis av menneske har late seg avbilda for å visa at dei støttar grunnleggaren av Wikileaks. I Bergen stoppa mange opp for å delta i aksjonen.

Foto: Mette Anthun / NRK

– Minner om sensur

Nestleiar Rune Ottosen i Norsk Pen, om jobbar for ytringsfridom for skribentar og kunstnarar, meiner saka er eit spørsmål om ytringsfridom, fordi at Assange risikerer opp mot 70 år i fengsel for publisistisk verksemd.

Han meiner det heile minner om sensur.

– Det er jo i kunsten sin natur å skapa debatt, og midt blant mange mediebedrifter må jo vera ein ideell stad å gjera det på, seier han. Det minner jo om sensur, når ein midt i ein avtalt periode ber om at kunsten blir tatt ned, seier han.

Søk i valresultata

valg-dekorasjon