Hopp til innhold

Artistar får bonus for ikkje å fly

Folkemusikkscena Columbi Egg i Bergen tilbyr bonuspengar til utøvarar som ikkje brukar fly.

Frå nyår av vil artistar som reiser over fjellet til Bergen for å opptre på folkemusikkscena Columbi Egg få eit tillegg på honoraret viss dei reiser med tog eller buss.

- Klimatrusselen gjør det naudsynt for alle å tenkje nytt, seier musikalsk vert ved Columbi Egg, Gabriel Fliflet.

Ifølgje Fliflet Columbi Egg tilby grøne bonuspenger til utøvarar som kjem til Bergen med miljøvenleg tog eller buss.

- Så har dei nok til å kunne kjøpe ei god bok eller eit måltid undervegs, seier han.

Columbi Egg held til på Hotel Augustin i Bergen.

Vårprogrammet for folkemusikkscena inkluderer mellom anna Susanne Lundeng Band, Annbjørg Lien og Valkyrien All Stars (Kjempesjansen).